Hjem

Overnatting

Buastova er eit hyggeleg, lite feriehusvære i gardstunet på Rongen. Frå husværet har ein fin utsikt utover dalen og elva Vosso.

Les mer

Opplevingar

Bolstadøyri er eit ideelt utgangspunkt for fjellturar,  dagsturar til Bergen og Voss, Hardangerfjorden og Sognefjorden og den kjente  turen  “Norway in a nutshell “ til Nærøyfjorden - Flåm – Myrdal.

Les mer

Staden

Bolstadøyri er ei lita bygd innerst i Bolstadfjorden med ca 230 innbyggjarar. Bolstadelva er ei kjent lakseelv. Frå 1600 talet var staden ein viktig handels og gjestgivarstad. Då jernbanen stod ferdig i 1883, blei det ei stasjonsbygd.

Les mer

DSC_0127
Rongen sett på avstand
Bolstad frå Rasdalsvegen

Overnatting

Buastova

Buastova er eit hyggeleg, lite feriehusvære i gardstun. Gratis parkering. Gjester kan bruke hagen, utemøbler og grill. Frå husværet har ein fin utsikt utover dalen og elva Vosso.

Buastova er på ca 30 m2, har ei sitjegruppe, lite kjøkken og ei familiekøyeseng med plass for 3 personar og ein sovesofa med ekstra plass for 2 personar. Det er bad med dusj og toalett, vaskemaskin, hårfønar  og varme i golvet. På kjøkkenet finn ein mikrobølgeovn og kaffitraktar. Ein har og tilgang til strykejern. Wi-Fi er tilgjengelig.

Garden

Rongen gard er ein gamal gard. Eldste data er frå 1647 , men det har truleg vore busetnad før det. Eldste delen av våningshuset har ei restaurert røykstove frå slutten av 1700 talet.

Andre gamle hus på garden  er  kvernhuset, ein gamal steinsilo, grindbygd løe, bygd saman med gamal lafta løe og steinflor og  uteløe.

Under Buastova er det ein gamal kvelva steinkjellar opphaveleg brukt som potetkjellar , men no restaurert til bakekjellar for flatbrødbaking.

Buastova var bygd først som matbu for salting og oppbevaring av kjøt. I tillegg var der kornkister og lagerrom for flatbrød. I svalgang mot nord var det vedlager.

Buastova vart bygd om til hybel i 2005. Ein kan enno sjå spikrane i takbjelkane der kjøtet hang.

Butikkar

Det er daglegvarebutikk  på Evanger 10 km aust for Bolstadøyri og på Dale 12 km vest for Bolstadøyri. (Er open også på søndagar)

Kafe fins på Evanger, Dale og Voss. Voss har også restaurantar. Bensinstasjon fins på Dale og Voss.

Opplevingar

Turar i fjellet

Bolstadøyri  er godt utgangspunkt for turar i fjella rundt både sommar og vinter. Gode stiar til dei mange stølane i fjella. Fine utgangspunkt er Rasdalen og Øvstedalen. Stølen som tilhøyrer Rongen heiter Raustølen. (10 km med bil til Øvstedalen . Derifrå ca 45 gange.)

m

Fisking

Bolstadelva  som er ein del av Vosso, er frå gamalt av ei god lakseelv. I dag kan ein  fiska laks og aure frå 15. juni -31. august.

I fjellvatn og elvar kan ein fiska om ein har fiskekort.

13722060_151285145275648_483430723_n[1]

Sykling

Sykkel kan leigast på Voss. Mange fine sykkelturar i området.

Sykkeltur

Kajakk

Bolstadfjorden er fint område  for kajakkpadling. Du må ta med egen eller leige kajakk på Voss.

l

Paragliding

Fint område for paragliding for den som er erfaren. Voss har tilbod om tandemturar og kurs.

o

Fjellklatring

I Nåli på Bolstad  (Horvei) er det bolta mange klatreruter.

Utsikt fra Kamben

Dagsturar

Bolstadøyri er eit ideelt utgangspunkt for turar til Bergen  (73 km), Voss (30 km)

Staden er også ideelt utgangspunkt for dagsturar til Hardangerfjorden og Sognefjorden og dei kjente  turane  “Norway in a nutshell “ til Nærøyfjorden – Flåm – Myrdal.

Torstein-Tysso

Bygda Voss

Voss er kjent for festivalar, Vossa-jazz, bluesfestival, Osafestival og  Voss Cup. Voss har  eit godt utbygd alpinanlegg og om sommaren er Voss kjent for ekstremsportaktivitetar og ekstremsportveka.

Voss er også ein stor vintersportsstad med mange alpinbakkar ( Bavallen 32 km og Myrkdalen 57 km) og Turløyper (Herresåsen 37 km)

Ekstremsportsveko Voss

Rongen Gard

Buastova ligg vegg i vegg med hovudhuset med ei gamal røykstove. I bakekjellaren under buastova kan ei læra å baka flatbrød. Visningar etter avtale. Bakedag med tradisjonell bakst er også mogleg om ein tar kontakt på førehand.

s

Staden

Bolstadøyri er ei lita bygd med ca 230 innbyggjarar. Her har det budd folk lenge, fleire vikinggraver er funne i områder. Frå gamalt av var bygda ein handels og gjestgivarstad langs handelsvegen mellom Voss og Bergen. Det gamle gjestgiveriet ved fjorden, bygd i Louis Seize stil,  opphaveleg  frå 1663, er eit minne om den tida.  Flåtemuseet  som ligg ved Bolstadfjorden viser korleis tømmer vart frakta frå Vossebygdene til Bergen etter alle bybrannane. Då var tømmer frå innlandet har kritisk for å bygga oppatt det som var gått tapt.

Då Vossebanen vart opna i 1883, slutta dampbåtane å gå inn til Bolstad og staden vart ei stasjonsbygd.

På Horvei finn ein ”Slottet”, eit hus i Dragestil som tronar oppå haugen.  Ovanfor Horvei finn ein restar etter den gamle postvegen mellom Bergen og Christiania (Oslo) med ei steintrapp hogd inn i fjellet.

Kontakt